KURS OG WORKSHOPS

Jeff er tidlegare leiar for skodespeling ved Foundation Course ved ein av England’s beste dramaskular, Arts Educational, www.artsed.co.uk, og har nyleg undervist i skodespelteknikk ved Bårdarakademiet, www.baardar.no

Jeff var også onscreen acting coach for TV-showet Britain’s Next Top Model.

Jeff Pedersen Produksjonar tilbyr kurs for skodespelarar, dansarar, sirkusartistar, musikarar og folk som skal opptre på eit eller anna vis. Jeff underviser i skodespelteknikk, Meisner-teknikk, scenekamp, sceneforståing, regi, Shakespeare og klassisk tekst og gjev timar i film og Tv-teknikk. Jeff har skapt ein spesiell workshop som kombinerer method acting med Laban teknikk og klassisk scenekamp for å lære dansarar motivasjon og å uttrykke fysisk konflikt. Jeff har arbeidd med studentar i alle aldersgrupper, både barn og vaksne profesjonelle. Jeff er ein kvalifisert scenekamplærar og medlem av British Academy of Dramatic Combat og Nordisk Scenekampforbund.

Jeff har jobba i mange år som trenar innafor public speaking, presentasjon og opptreden på radio og TV for Gainsborough Training i England. Mellom andre har han jobba med visepresidenten for Gatehouse Bank og the Royal Society of Civil Engineers 

Nyleg heldt Jeff ein workshop for unge tilsette i framtidsfylket sitt trainee-program, www.framtidsfylket.no