NYHEITER

Den neste sjølvproduserte oppsettinga vår, Jølster Hotell, har fått støtte frå Norsk Kulturråd og Fond for lyd og bilde! No er den nesten fullfinansiert. Jølster Hotell skal på turné på Vestlandet hausten 2020.

No i januar 14. – 17. ein workshop i intimscener i samarbeid med Siobhan Richardson, ein av grunnleggarane av Intimacy Directors International. Avgrensa plass på eit svært nyttig kurs som ikkje ofte er tilgjengeleg i Norge. Vi heldt ein workshop ilag i Oslo for nokre år sidan, og Dagbladet følgde opp med denne artikkelen. Den var også dekka av fagforeningsbladet Stikkordet.

Monologue workshop kjem i Bergen! Berre 12 plassar ledige. I samarbeid med Norsk Skuespillerforbund og Hordaland teater.

Etter 28 år får Herøyspelet ny instruktør. Ser fram til å finne ut kva vi kan gjere med dette fantastiske stykket skrive av Rolf Losnegård.

Jeff skal sette opp sin første helaftens opera til hausten! Hans og Grete av Humperdink blir produsert av Opera Nordfjord

Tida inne for Dragseidspelet! Dragseidspelet er eit historisk spel frå vikingtida og finn stad på det vestlegaste punktet i Norge. Vakkert landskap, sterk fortelling og ein vidunderleg gjeng å samarbeide med.

Ikkje nettopp den måten vi vil ha publisitet på: ein knekt rygg som følgje av ei ulykke på scenen…

Det gule tapetet på nyheitene! Firda og Sogn Avis

Og igjen i Sogn Avis

Vanvittig ivrig etter å annonsere den neste produksjonen vår, Det gule tapetet. Ei psykologisk skrekkhistorie sett opp på Harastølen, eit falleferdig tuberkuloseasyl høgt oppe i fjellet i Luster.

Kr. 50.000 til Det gule tapetet frå Sogn og Fjordane fylkeskommune! Tusen takk!

Kr. 500.000 frå Kulturrådet for å produsere Det gule tapetet. Vi kjem til Harastølen i juli!

Regisserer tre oppsettingar for Sogn og Fjordane Teater dette året: Kinnaspelet, og verdspremiere på Nasjonal Prøve og Julekrybba.

Palmerevyen, Norges eldste politisk-satiriske revy, kjem straks! Eg skal regissere den også i år.

Kinnaspelet 2018 er ikkje langt unna! No er det mulig å kjøpe billettar.

Flott omtale i Firda av Julekrybba i min regi.

Hedda Pris nominerte Romeo og Julie på Det Norske Teateret har fått speletida utvida ut hausten.

Kinnaspelet var gøy å jobbe med! Framført for 2500 på ein fantastisk spelestad i vakkert vær.

NRK om Kinnaspelet.

Firdaposten sitt intervju med Jeff Pedersen.

Dragseidspelet vist for over 900 tredoblar tidlegare publikumstal. Fleire presseoppslag om Dragseidspelet.

Jeff skal om kort tid regissere Kinnaspelet og Dragseidspelet – billettar i sal no!

Sjå Jeff sin scenekampinstruksjon i Romeo og Julie på Det Norske teateret i Oslo!

Video av Staveneset.Krig er no tilgjengeleg.

Jeff er for tida på turné i Sogn og fjordane som «Kurt» i SoFT sin produksjon av Strindbergs Dødsdansen

Creeping Shadows har fått støtte frå Kulturrådet til manusutvikling!

Alle dei 7 framsyningane av Staveneset. Krig var utselde!