OM OSS

image4Jeff Pedersen Produksjonar er ei verksemd som driv teaterproduksjon, basert i Vestland, Norge. Vi er opptatt av å skape spennande og inspirerande nye teateroppsettingar, gjerne på utradisjonelle speleplassar, og å samarbeide med artistar frå andre kunstarter for å prøve ut grenser for teateret som kunstform. Når det gjeld natur er Vestland ein av dei vakraste stader på jorda, og teateret her, bør spegle den staden det blir skapt og oppført på. Vi meiner at det er viktig å dra nytte av den rikdomen av talent som finst i vår region, og vi vil gje muligheit for unge profesjonelle innafor teateret så ofte vi kan. Sidan vi starta opp i 2012, har vi engasjert fleire unge profesjonelle enn alle andre teatergrupper og institusjonar i fylket til saman. Denne investeringa i det å utvikle talent kjem oss ikkje berre til nytte kunstnerisk, den gagnar faktisk heile regionen vår, og hjelper oss til å skape eit spennande teaterfellesskap.

Vi arbeider med avansert, detaljert og eksplosivt fysisk teater, og med tekstar med djup følelsesmessig og poetisk resonans. Sentralt i vår tilnærming er idéen om at publikum skal bli dirkete utfordra av det vi skaper. Dei er ikkje berre passive tilskodarar for oss, men heller våre medverkande som vi ønskjer skal gå ut av teateret som fundamentalt andre menneske enn dei kom inn.

Vårt fokus er ei total innleving i fortellinga vår, og vi vil utforske ei kvar muligheit i jakta på den mest effektive måten å fortelje den på. I tillegg til metoden, klassiske og fysiske teaterteknikkar, har vi brukt (parkour) scenekamp, scenisk magi og (mentalism) og (fine art) i arbeidet vårt.

Denne innstillinga og dette intense ønskjet vårt om å bruke eit kvart mulige verktøy innafor forteljekunsten, gjer oss også i stand til å arbeide innafor eit vidare spekter av medium. Arbeidet vårt inkluderer teater, opera, film, video, spel, konsertar og design.