PRODUKSJONAR – Det gule tapetet

Det gule tapetet er ein svært ambisiøs kombinasjon av moderne dans og fysisk teater som først vart oppført på Harastølen, eit forlatt tuberkuloseasyl langt oppe i fjellet i Luster kommune i Sogn. Alle dei ti framsyningane var utselde, og stykket vart godt mottatt av pressa og publikum. Seinare spelte vi det som ein del av Bergen Fringe Festival, og vart av Bergens Tidende utpeikt som ein av topp fem forestillingar i den perioden vi var der. Det gule tapetet er eit stykke intimt psykologisk skrekkteater som tek opp skade som oppstår som følgje av ignorering og isolasjon av sårbare personar, og faren ved handlingar gjort i uvitenheit, sjølv om det skjer i god meining. Teksten er opphaveleg skriven av Charlotte Perkins i 1892 og fortel historia til ei kvinne som lir av ein sterk fødselsdepresjon. Før denne diagnosen eksisterte vart lidinga avfeia som kvinnleg hysteri. Dette er den første gongen Det gule tapetet er omsett til norsk. Originalmusikk er komponert av Selma Stang, scenedekor, kostymer og videodesign av Tormod Lindgren og lysdesign av Marianne Thallaug Wedset.

Regi: Jeff Pedersen 

Omsetjing: Rolf Losnegård

Tilrettelagt for scenen av Jeff Pedersen og Rolf Losnegård

Produsent:Thea Wiig

Koreografar: Suleika Omar og Gareth Taylor

Komponist: Selma Stang

Musikkproduksjon: Odd Martin Skålnes

Scenografi, Kostyme, video design: Tormod Lindgren

Lysdesign: marianne Thallaug Wedset

Lyddesign: Håkon Holmås

Projeksjon: Mads Faste Liang Nilsen

Syarbeid: Thale Kvam Olsen og Jørgen Opsahl

Med: Kjersti Elvik, Suleika Omar, Berit Einemo Frøysland, Marte Paulsen, Anna Einemo Frøysland, Helga Farestveit

Det gule tapetet er støtta av Kulturrådet.