PRODUKSJONAR – Staveneset.Krig

Jeff Pedersen Produksjonar laga i 2015 Staveneset.Krig, eit stadstilknytta utandørs drama om det unge forlova paret Anton Hollevik og Oddny Saltskår som skjulte og hjelpte allierte agentar som overvaka skipstrafikken under 2 verdskrigen. Dei gøymde agentane i ei hole på Staveneset, og Oddny og Anton vart til slutt arresterte og utsett for frykteleg tortur av Gestapo.

1100 menneske reiste til Staveneset og gjekk stien opp i fjellsida for å oppleve framsyningane – sju fulle hus i eit spesialbygd teater, der publikum bokstaveleg talt sat i trea og speida inn i fjellhola.

Staveneset.Krig vart framførd i den same fjellsida som dei faktiske hendingane fann stad.

Staveneset.Krig vart støtta av Askvoll kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Cappelen Damm forlag og det norske Forsvarsdepartementet.