PRODUKSJONAR – Jølster Hotell

Billettar no til salgs! Begrenset plass!

Bestille her:

Teater Vestland, 17-19.november

Operahuset, Nordfjord, 6-7.januar

Trivselshagen, Sandane, 10-11.februar

Korleis skal ein skape seg ein ny heim på eit øydelagt fundament? Jølster Hotell skal bli ein forestilling som foregår på eit asylmottak, uten tekst. Heile handlinga blir utspelt rundt bordet, gjennom ein middag, der ulike personar prøver å føle seg heime. Klarar dei å komme tilbake til eit normalt liv, å skape ein ny heim uten å svike det som ein måtte reise ifrå? Stykket har henta inspirasjon frå boka “Jølster Hotell” av Katrine Sele. 

Fem asylsøkarar frå ulike land blir kasta saman som gjester på det nedslitne Jølster Hotell. Det som tidlegare hadde vore eit av Sogn og Fjordane sine turisthotell, men som no vert brukt som asylmottak. Nokre av dei er nett komne, mens andre har vore der i årevis. Men dei er alle skilde frå heim og familie, og dei veit alle at dei ein dag skal forlate hotellet. Enten for å få ein ny heim i Norge, eller verte sende tilbake dit dei kjem ifrå. Dei er makteslause, alt dei kan gjere er å vente.

Korleis taklar dei det at framtida er så uviss? Frykta for kva som skjer med familiane deira? Korleis taklar dei traumene som gjorde at dei forlet heimlanda sine? Eller traumene som dei vart påførde på reisa til Norge?

Somme prøver frå første stund å lage seg ein ny heim i Jølster Hotell. Andre nektar i det heile å tenkje på å lage ein ny heim. Dei ser det som ei fornekting og eit svik mot den heimen dei har forlete. Kva slags menneske er dei viss ikkje heimen deira skal definere dei? Korleis kan dei skape ein heim når familiane deira er i fare eller forsvunne? Er det mulig å skape ein ny heim i Jølster Hotell når dei veit at det berre er midlertidig?

Jølster Hotell skal bli ein fysisk teater produksjon med stiliserte kroppsminke og heilt utan tekst. Ved bruk av lyd, sminke, og rørsler vil historia bli fortalt gjennom måten personane relaterer seg til ting og rekvisitter og til kvarandre. Gjennom bruk av dekketøy, kjøkenreidskapar og maten på bordet, skaper dansere lydane til den reisa som personane gjorde frå sine heimland til Jølster Hotell.

Regi av Jeff Pedersen

Skrevet av Jeff Pedersen, basert på boka til Katrine Sele

Dramaturgisk konsulent – Katrine Sele

Produsert av Camilla Svingen og Jeff Pedersen

Musikalsk konsulent – Ole Hamre

Scenografi og kostyme design av Silje Sandodden Kise

Lysdesign av Silje Grimstad

Sminkedesign av June Midttveit Olsen

Medvirkande dansere – Anna Einemo Frøysland, Berit Einemo Frøysland, Jon Werede Hope, Jon Filip Fahlstrøm, Nathalie Adriana Hast

Plakatfoto av David Zadig

På tur i Vestland hausten 2020!