REGI

Stilen eller måten vi legg opp regien på, vert tilpassa til  dei krav fortellinga stiller. Vi startar med spørsmålet: Kva er den beste måten å fortelle denne historia på? Derifrå følgjer vi vegen dit svaret fører oss. Jeff har jobba i mange land – Norge, Amerika, England, Skotland, Tunisia, Marokko – og i mange ulike medium – teater, dans, film, televisjon, radio og videospel. Jeff regisserte sin første opera, Hans og Grete (Hansel and Grete) på Opera Nordfjord i 2019. Oppsettinga fekk svært gode omtaler og ein fantastisk respons frå publikum.

Vi finn det unike og det universelle i kvar historie og utforskar den beste måten å formidle den til publikum. Det gule tapetet, som er ein ekstremt ambisiøs kombinasjon av moderne dans og fysisk teater, vart først framført på Harastølen, eit forlatt tuberkuloseasyl oppe i fjellet i Luster kommune. Det gule tapetet er eit stykke intimt psykologisk skrekkteater om skader som gjennom ignorering og isolasjon  blir påført ein sårbar person. Ti utselde framsyningar vart godt mottatt av presse og publikum. Deretter var vi inviterte til å delta i Bergen Fringe Festival og vart utpeika av Bergens Tidende som ein av  deira topp fem forestillingar.

……

Jeff har jobba på Det Norske Teateret, Sogn og Fjordane Teater (no Teater Vestland), Bergen Nasjonale Opera, Old Vic Theatre og andre institusjonar. Jeff hadde regien på verdspremieren på Nasjonal Prøve av Maria Tryti Vennerød i samarbeid med Firda VGS. Jeff var også instruktør for Julekrybba for SoFT, ei unik gjendikting av Jesu fødsel med spesielt fokus på magi og lys, der Reidun Melvær Berge spelte ilag med talentfulle barn frå Sogn og Fjordane. Mørket som fylte dei gamle norske kyrkjene der vi spelte, vart jaga bort av våre levande lys og musikken frå Midt-Austen.

Jeff har hatt regi på mange utandørs framsyningar – spel – i Norge, slike som Kinnaspelet, Dragseidspelet og Håkonarspelet. Etter 27 år med Gerald Pettersen som instruktør, valde Herøyspelet Jeff til å ta over regien i 2019.

Jeff held fram i rolla som instruktør for Palmerevyen, Norges eldste politisk-satiriske revy.

Rolf Losnegård er på turné med vår einmanns fortelleteater-versjon av verdens eldste bok, Gilgamesh. Få med deg den viss den dukkar opp  der du bur!

Jeff har, sidan han kom til Norge, heile tida jobba som regissør. For Aldateateret sette Jeff opp Herr Kurz og damene, som var på turné to gonger i løpet av to år for fulle hus i Sogn og Fjordane og i Bergen og på Sotra. Han har sett opp Viva la diva for Åmot Operagard – som vart den mest suksessrike produksjonen – i 2014 også med dronning Sonja som publikum. Jeff har ofte hatt muligheit til å arbeide med artistar frå andre  kunstfelt. Med distriktsmusikarar på turnéar, med Trio på tur, Fart og Giovanni fra dalen, og Tippe Tippe Tue og med det velrenommerte designfirmaet Ralston-Bau i deira Open House prosjekt. 

Jeff regisserte også framsyningar for Sommarfest 2013 i Førde (med mellom andre Madcon og Big Bang) der han kombinerte tretti trommeslagarar, eit team med parkour løparar, pyroteknikarar, klassisk lindy hop swing dans og scenekamp.