SCENEKAMPINSTRUKSJON

Jeff er ein svært erfaren scenekamp-instruktør. Han har nyleg regissert scenekampen i den Heddapris nominerte Romeo og Julie på Det Norske Teateret, Don Giovanni på Bergen Nasjonale Opera og Søner av Sola (ii Puritani) for Opera Nordfjord og 100 Songar på Teater Vestland. Han har tidlegare regissert scenekamp for The Philadephia Story ved Old Vic Theatre og Company for Southwark Playhouse.

Han har også koreografert scenekampane i Gaularspelet, Losnaspelet, Håkonarspelet, Dragseidspelet og andre historiske drama. Han har instruert scenekamp i Hamlet i Budapest og Twelfth Night ved LaMama Theatre i New York. Han har også laga scenekamp for Sony Playstation spela Killzone 2 (Game of the Year 2008), Pirates of the Caribbean 2 og Getaway 3. Jeff har over tjue års erfaring med scenekamp og er kvalifisert som lærar i kickboksing, fekting og scenekamp.