Skodespel

Jeff Pedersen er ein amerikansk skodespelar, regissør og scenekampinstruktør som etter å ha budd i London i fjorten år flytta til Norge i 2011. Han var med i sin første film då han var 19 år i You’ve got mail  med Tom Hanks og Meg Ryan, men du må vere ganske skarp for å få auge på han der. Etter det har han vore med i filmar som The Death of Ian Stone, The Tiger and the Snow (med Robert Begnini), og på TV mellom anna i Britz (BAFTA best drama), The Government Inspector (BAFTA best drama), Absolute Power med Stephen Fry, og som acting coach i Britain’s Next Top Model. Han har spelt på ei lang rekke scener, mest kjent er produksjonen på Old Vic av The Philadelphia Story med Kevin Spacey. Han har regissert scenekamp på meir enn 40 teater og filmproduksjonar i England, Amerika, Norge og Ungarn i tillegg til mange videospel, inkludert Killzone 2 (Game of the Year) Getaway 3, Bad Company 3, Bad Company 2 og Pirates of the Carribbean. Operaregi inkluderer Søner av Sola på Opera Nordfjord og Don Giovanni på Bergen Nasjonale Opera. Han har over tjue års erfaring i klassisk kung fu og er kvalifisert instruktør i kickboksing, fekting og scenekamp.

Jeff har jobba som trenar i executiv public speaking and presentation, og er tidlegare leiar for skodespelteknikk ved Foundation Course ved Arts Ed Theatre School i London, og har nyleg vore lærar i skodespelteknikk (Meisner-teknikken) ved Bårdarakademiet i Oslo. Jeff Pedersen er leiar av Jeff Pedersen Produksjonar, og arbeider saman med ei stor gruppe av talentfulle profesjonelle frå Norge og andre land.

CV, og tilgang til video og lydopptak.